Arealregnskap i Temakart

Rogaland fylkeskommune sitt arealregnskap for Rogaland vart lansert i januar i år. Fylkeskommunen ser på arbeidet med arealregnskap som ei utviding av det geografiske kunnskapsgrunnlaget som allereie ligg i Temakart Rogaland.  

Temakart-app med oversikt over kommunevise arealregnskap

Lenke til arealregnskap for kvar kommune ligg i ein eigen Temakart-app som du finn i følgande lenke: Lenke til Temakart-app med oversikt over kommunevise arealregnskap

Du finn også utvalde data frå arbeidet i ein eigen kategori for Arealregnskap i hovudversjonen av Temakart Rogaland. Her ligg kommuneoversikt og antatt planreserve, i tillegg til nasjonale datasett som er under arbeid:

 

temakart_skjermdump_arealregnskap_kategori.png

 

Datagrunnlaget er kjent for mange, og kort sagt bygger arealregnskapet på AR5 supplert med AR50 og SSB Arealbruk som vidare er kobla mot ein planmosaikk basert på kommuneplan og reguleringsplan. I tillegg er det gjort ei kobling mot Miljødirektoratet sin klimagasskalkulator per desember 2023.

Nyskapinga i arealregnskapspakken ligg i måten å koble og formidle datagrunnlaget på. Resultatet gir blant anna eit mål på antatt planreserve i fylket, som per desember 2023 var på 113 000 dekar. Analysen viser at antatt planreserve, eller realistisk ledig byggeareal, mellom anna fordeler seg på 48 000 dekar skog, 23 000 dekar dyrka mark og 5 000 dekar myr:

 

temakart_skjermdump_arealregnskap_planlagt_endring.png

 

I Temakart Rogaland får du vist korleis antatt planreserve er fordelt geografisk. I liten målestokk viser areala som punkt symbolisert etter antatt planformål. Når du zoomar inn i kartet får du vist faktisk omriss av aktuelt område. Ved klikk i kart får du også informasjon om grunnforhold, bonitet, planstatus og antatt klimagassutslepp i tonn CO2-ekvivalentar både ved full utbygging og dersom området blir urørt.

Du finn også ein eigen temakart-knapp for visning av aktuelle tema for arbeid med areal- og naturregnskap. Temakart-knappen slår per i dag på antatt planreserve saman med aktuelle data innan naturtypekartlegging.

I temalaget for antatt planreserve er det mogleg å filtrere på plankjelde, og vi håpar difor at dette kan nyttast i samband med planvask i kommuneplanprosess:

 

temakart_skjermdump_arealregnskap_naturinfo.png

 

Arbeidet er under utvikling, og vi i Temakart Rogaland-samarbeidet vil gjerne ha innspel til andre tema med relevans til arbeid med areal- og naturregnskap og planvask.

For ytterlegare informasjon om verktøya som er publisert i samband med fylkeskommunen sitt arbeid med arealregnskap viser vi til fylkeskommunen sine heimesider: https://www.rogfk.no/vare-tjenester/planlegging/kart-analyse-og-statistikk/areal-og-naturregnskap/

 

Publisert 12.09.2024