Temaknapp

Temakartknapp i Temakart Rogaland

Temakart-rogaland har vokst seg omfangsrik og full av informasjon gjennom åra. Dermed er det og fare for å miste oversikta over kva som ligg der. Vi har prøvd å følge INSPIRE og Geonorge sin kategorisering, men det kan likevel vere vanskeleg å finne data. Vi har dermed starta med å legge til rette pakkar av data i ulike temakart-knapper. Det er kun karttema som alt ligg i høgremenyen som er aktuelle. Temakart-knappen gjer altså at ein med eit enkelt tastetrykk kan slå på mange karttema som vi meiner heng saman.

Knappane vi har satt opp så langt er:

  • Karbonrike areal: Her har vi i første omgang samla alt vi har om myr (fra både økonomisk kartverk/AR5 og ifra naturkartlegginger), samt skog med høg bonitet (ifra AR5).
  • Flaum og fordrøying: Denne tar sikte på å samle karttema som viser kor det kan vere vatn. Det er førebels vassdrag, flaumsoner, avrenningslinjer, lågpunkt og myr. NB: avrenningslinjer og lågpunkt er ikkje heildekkjande, men vi kan modellere nye areal, ta kontakt med James.
  • Havnespy: registreringer av den uønska framande arten: sjøpungen Havnespy
  • Kvikkleire: viser kartfesta informasjon som kan bidra til på vurdere fare for marin leire/kvikkleire, inkludert marin grense, løsmassedata der det er godt nok kartlagt (NGU), borehull fra vegvesenet og NADAG (må zoome mye inn (større enn 1:20 000) før denne vises).
  • Sjø-tiltak: viser tema viktige for planlegging i sjø, som trua arter, gyteområder, akvakultur, utslipp til sjø, viktige marine naturtyper og verneområder.

Dette er under arbeid og vi er glade for innspel om nye tema som kan lagast knapp av, eller om innhaldet i dei ulike. Særleg dei om karbonrike areal og flaum og frodryging kan vi trenge innspel på.

Etterkvart har vi eit mål om at ein kan bruke disse data i ein slags rapport, der ein legg inn eit areal (planomriss eller teikne inn) og får ut arealtal på dei ulike relevante tema.

Artiklar med meir utfyllande informasjon om desse temakarta finn du som vedlegg/ i høgremargen

Publisert 22.02.2022

Kontakt oss

James Stott
GIS Koordinator
Statsforvalteren i Rogaland

Astrid Espe
GIS Koordinator
Rogaland Fylkeskommune

Tilbakemeldinger og spørsmål