Nye datasett: Marine grunnkart i kystsona

I 2020 gjennomførte Kartverket, Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Havforskningsinstituttet (HI) fleire kartleggingstokt i nye Stavanger kommune.

Boknafjorden, Rogaland. Foto: Astrid Espe

Tokta blei brukt til å samle inn data til framstilling av ei lang rekke marine grunnkart i pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsonen».

Resultat frå kartlegginga blir publisert fortløpande av Kartverket, NGU og HI utover våren og vil også bli tilrettelagt i Temakart Rogaland. Allereie no finn du nye temalag for havdjup og geologi, både detaljert kart over sediment på sjøbotnen og avleda temakart for gravbarhet, bunnfellingsområde og ankringsforhold.

Videre utover våren kjem det nye kart over oseanografi, miljøforhold, forurensing, naturtypar og meir. Det er berre å gle seg!

På sikt er ambisjonen å kartlegge heile den norske kystsona. Du kan lese meir om marine grunnkart i lenka til høgre. 

Publisert 26.02.2021