Jordsbruksareal sett av til utbygging

Rogaland fylkeskommune har vidareutvikla metode for å analysere og visualisere jordbruksareal sett av til utbygging, basert på digitale plandata og arealressurskart (AR5). Analysen er tidlegare gjort for deler av fylket, men er i samarbeid med Temakart Rogaland utvida til heile fylket.

Jordbruksareal er her definert som område registrert som fulldyrka, overflatedyrka eller innmarksbeite i Arealressurskartet FKB-AR5. Der det finst digitale reguleringsplandata erstattar dette kommuneplandataene for større detaljgrad.

Vi gjer merksam på at detaljering i kommuneplan og reguleringsplan kan vere ulik frå kommune til kommune, og at kommunane kan bruke arealformål ulikt. Dette kan påverke kva areal som blir med i analysen og ikkje. Område mindre enn 5 m2 er ikkje tatt med. 

For meir info om metode sjå kunnskapsgrunnlag om jordbruksareal utarbeida i samband med Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke. For å sjå resultatet saman med plandata eller andre temalag kan du sjekke ut desktop-versjon av Temakart Rogaland her.

Kontakt oss

Astrid Espe
GIS Koordinator
Rogaland Fylkeskommune

Tilbakemeldinger og spørsmål